top of page

Steindalsætra – ei kort orientering om historia

 

Steindalskogane høyrde etter gamalt under Lyse kloster. Kyrkja i Os har òg vore eigar. På 1600-talet var det ei rettssak der dei som skulle skjøtte skogane, gjorde dårleg arbeid og vart dømde. Seinare år vart skogane seld. 

Sæterhuset som står der no vart bygd i 1813 og er soleis passert dei 200. Vi i Os Ungdomslag et stolte over å ha ein slik kulturskatt, og vi prøver så godt vi kan å verne om han.

Det vi veit er at sæterdrifta var slutt då ungdomslaget i 1916 fekk lov av eigarane å nytte sætra som utferdsstad. Elles var det tømmerhoggarane som nytta selet om vintrane. Etter kvart gjorde mangel på vedlikehald huset til ein utrivelig stad å overnatte. Ein av gjestene tok ei gamal dør og la opp på bjelkane og sov der då golvet vart rote og farleg å trå på.

 

 

 

 

 

Forfallet gjorde at Os Ungdomslag i åra 1936 – 39 renoverte sætra fullstendig. Økonomisk fekk dei god hjelp av Johan Ludvig Mowinkel på Moldegaard. Han betalte materialane.

Ungdomslaget brukte eit utal av dugnadstimar for å få huset demontert stokk for stokk, utbetra grunnen og byggje huset oppatt. I denne prosessen vart det laga loft slik at mange kunne overnatta. Mønet vart snudd, og vi trur gangen og eit lite kjøkken vart bygd då.

.

Steindalsætra var ferdig i 1939. Då fekk Os Ungdomslag eigarskap til sætra som frå då er omtala som hytte.

I desse dagar skriv vi eit nytt kapittel i historia om Steindalsætra. For nokre år sidan – 2015 – leigde Barnas Turlag sætra ein fin helg om hausten. Dei vart «bergtekne» av denne perla og kom att året etter. På same vis har borna frå Nordvik skole vore på sommartur til setra år etter år i snart 15 år. 

Turen frå Os til sætra er ikkje lang, så staden eignar seg til alt frå formiddagstur til fleire netters opphald. Turen er spesielt fin for borna som kan verta utålmodige om det er langt å gå. Når dei kjem fram, kan dei leike på vollen og i bekken. Om veret ute er ufyseleg, kan dei leike på loftet eller kose seg med varme marshmallows  eller pølser i varmen frå peisen. Noko av det beste med Steindalsætra er fridomen frå vår tids jag og mas. Hytta er nesten fri for mobildekning.

 

Velkomne til eit fredeleg og avslappande opphald.

bottom of page